Om dette arrangementet

Tid
11:00 - 12:30
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Litterært pusterom

Velkommen til ein inspirerande og sosial lesesirkel! Her får du høyre ei novelle og eit dikt. Undervegs snakkar vi om tekstane.

Kl. 11:00-12:30
28. august
25. september
30. oktober
27. november

Du treng ikkje å førebu deg og kva vi les er ei overrasking. Du kan berre lytte om du føretrekk det. Denne forma for samlesing/lesesirkel blir kalla «Shared reading» og er godt etablert i England.

Litterært pusterom føregår i hovudbiblioteket rett framfor scena. Her sett vi fram gode stolar og dekk på med fint service og duk. Enkel servering i form av kaffi/te, kjeks og litt frukt. Og det er gratis å delta!